Løyve til motorferdsel for oppbygging av brua over Blåtjønnåe

Stokk & Stein har fått løyve til å bruke ATV, motorbåt, snøskuter- og helikoptertransport for oppbygging av brua over Blåtjønnåe i Jotunheimen.

Brureparasjon: Brua over Blåtjønnåe vart i fjor vinter knekt av snø og reparert mellombels til sommarsesongen 2020. Stokk & Stein skal byggje opp att brua når vasstanden går ned i slutten av august og utover. Dei har fått løyve til motorferdsel for frakt av materialar og utstyr.   Foto: Ulf Ryen/Stokk & Stein

Nyheiter

Brua over Blåtjønnåe på turistruta mellom Memurubu og Glitterheim vart i fjor vinter knekt av snø.