–Det har betydd mykje for meg å få vere med i Stiftelsen Norsk Luftambulanse, seier Reidun Øvre Øygard. Ho har tolv år bak seg i stiftelsen og vart for ein månad sidan valt som leiar av Regionråd Aust i den ideelle stiftelsen. Roger Berg vart samstundes innvalt i valkomiteen. – Det er bra å ha med lokale folk og som kan spreie bodskapet om stiftelsen, seier Roger Berg. Foto: Arve Danielsen

Har verv i Stiftelsen Norsk Luftambulanse: – Interessant å bidra

– Det er interessant å engasjere seg i noko som kjem distriktet vårt og tenesta til Stiftelsen Norsk Luftambulanse tilgode.