Har kjøpt inn 2,4 millionar munnbind til skulane

Innlandet fylkeskommune har kjøpt inn munnbind til alle dei vidaregåande skulane i fylket.

Munnbind til vidaregåande: Innlandet fylkeskommune har kjøpt inn 2,4 millionar munnbind til dei vidaregåande skulane i fylket, som etter planen skal vare ut skuleåret.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

I ny smittevernrettleiar tilrår Utdanningsdirektoratet bruk av munnbind i nokre situasjonar, når smittenivået er høgt. Dette gjeld til dømes i fellesareal og skuleskyssen, der det kan oppstå trengsel. Munnbind er ikkje tilrådd å bruke i undervisningssituasjonen, men fyrst og fremst i friminutt, og når elevane forflyttar seg mellom klasserom.

Bruk av munnbind er frivillig, så lenge ikkje nasjonale helsestyresmakter innfører påbod, eller kommunar vedtek lokal forskrift med påbod om bruk av munnbind.

Innlandet fylkeskommune har allereie kjøpt inn 2,4 millionar munnbind til dei vidaregåande skulane. Desse vart levert direkte til skulane i fylket torsdag og fredag før påske, og blir delt ut til elevane i klasseromma.

Munnbinda fylkeskommunen har kjøpt inn skal vare ut skuleåret. Det er berekna tre munnbind per elev per dag, og to munnbind per lærar, opplyser Innlandet fylkeskommune.

Munnbinda er medisinske eingongsmunnbind som er sprutsikre, og som har høgaste vernegrad.