Startar snart opp produksjon av massivtre-element i Vågå Bruk: Skal bruke lokal fjellfuru som råvare

Maskiner og utstyr er under montering og i løpet av sommaren vil produksjonen av massivtre på Vågå Bruk vere i gang.

Maskiner og utstyr: Dagleg leiar i Ottadalen Massivtre er i full gang med å montere maskiner og utstyr i lokala dei leiger av Vågå Bruk AS. I bakgrunnen står ei tørkemaskin som veg 24 tonn. Maskinene er kjøpt opp etter konkursen i Nordisk Massivtre på Kongsvinger, noko som har halvert investeringssummen. Målet er prøvekøyring i månadsskiftet og starte produksjon i løpet av sommaren.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I vinter kjøpte Ottadalen Massivtre AS konkursbuet etter Nordisk Massivtre på Kongsvinger og flytta alt produksjonsutstyr til Vågå.