100.000 til våningshus frå 1840

Kulturminnefondet har løyvd 100.000 kroner til istandsetjing av eit våningshus frå 1840-talet på Uppigard Galde i Bøverdalen i Lom.

100.000: Eigarane av Uppigard Galde har fått 100.000 kroner frå Kulturminnefondet for å setja i stand taket på eit våningshus frå 1840-talet.  Foto: Privat foto frå søknaden

Nyheiter

Tilskotet skal brukast til å demontere skifer, leggje tett undertak med papp og lekter, demontere ei pipe, restaurere den andre pipa, leggje på skifer att og montere renner og nedløp.