Vegen er open, men tavla lyser raudt

Informasjonstavla for riksveg 15 i Bismo blinkar raudt, men vegen har opna over fjellet.

Raudt: På bildet ser du ut som tavla har gått i svart, men ho varslar altså at vegen er stengt - noko den ikkje er lenger.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Etter å ha vore stengt eit par dagar, opna riksveg 15 over fjellet att onsdag. Det har ikkje informasjonstavla i Bismo "fått med seg". Ho blinkar framleis med raudt og varslar stengt veg.

Frå vegtrafikksentralen får vi opplyst at det er trøbbel med straumen og at folk er på tur for å reparere feilen. Det ser uansett ikkje ut til å vera noko i vegen med den «raude straumen».