Klaga på avslag -  får drive leigekøyring med snøskuter

Stivbeint, meinte Kjell Øyen om at Vågå kommune avslo søknad om leigekøyring med snøskuter. Nå har hovudutvalet gjeve Øyen løyve til å drive leigekøyring i Sjodalen.

Sjodalen: Kjell Øyen har fått løyve til å drive leigekøyring med snøskuter i Sjodalen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Kjell Øyen fekk i februar avslag på søknaden om leigekøyring med snøskuter i Sjodalen, med grunngjeving om at søknaden kom etter søknadsfristen.