Fjellovergangen på rv15 opna att for trafikk

Etter å ha vore stengd sidan tidleg måndag morgon, vart fjellovergangen mellom aust og vest opna att for trafikk onsdag ettermiddag.

Open bom: Fjellovergangen riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn vart opna att for trafikk onsdag ettermiddag, etter å ha vore stengd sidan tidleg 2. påskedag.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Nyheiter

Det er Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen som rett før klokka 13.30 onsdag ettermiddag melder om at fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn er opna att for trafikk.

Fjellovergangen mellom aust og vest har vore stengd sidan tidleg måndag morgon, 2. påskedag, grunna uvêr og rasfare.

Statens vegvesen opplyser om at det er vekslande tynn is, snøslaps, bart og vått på fjellovergangen onsdag ettermiddag. Klokka 13.20 var det i fylgje vegvesenet tre minusgrader, nord-vestleg svak vind og lett snø.

Fylkesveg 51 Valdresflye er stengd for trafikk grunna uvêr onsdag. Her blir det ny vurdering torsdag klokka 12.00, opplyser Statens vegvesen.

Fylkesveg 55 mellom Rustasætre og Sognefjellshytta er også stengd, grunna oppryddingsarbeid. Også her blir det teke ei ny vurdering torsdag klokka 12.00.