Vogntog av vegen i Nordberg

Eit vogntog har fått køyreforbod inntil kjettingar er på plass, etter ei utforkøyring på riksveg 15 i Nordberg.
Nyheiter

Det var like etter klokka ti tysdag føremiddag at politiet melde om eit vogntog som har køyrt ut av vegen.

Operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt fortel at vogntoget står på hjula utanfor vegen.

Det er snø og vanskelege køyreforhold i Ottadalen.

Vogntoget er norskregistrert og har polsk sjåfør. Sjåføren har rekvirert bergingsbil.

UP-patruljen på staden har gjeve køyreforbod inntil kjettingar er på plass.