Leitinga etter dei tre personane i Skjåkfjellet fortset utover natta

Leiteaksjonen i Skjåk fortset utover natta. Danskehytta er sjekka ut, nå står Veltdalshytta for tur for å sjekke om turfølgjet ligg vêrfaste der.

Leiteområde: Det går føre seg ein større leiteaksjon i Skjåkfjella. Nå skal Veltdalshytta sjekkast ut om turfølgjet ligg vêrfaste der.   Foto: norgeskart.no

Nyheiter

– Vêret i fjellet byrjar å stabilisere seg. Leiteaksjonen held fram utover natta, seier operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt.