Fjellovergangen blir ikkje opna tysdag

Uvêr og rasfare gjer at fjellovergangen riksveg 15 Skjåk-Stryn ikkje vil bli opna att for trafikk før tidlegast onsdag.

Billingen bom: Fjellovergangen Rv 15 Skjåk-Stryn blir ikkje opna for trafikk tysdag, grunna uvêr og rasfare.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Nyheiter

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen opplyser tysdag føremiddag at fjellovergangen riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn ikkje vil bli opna for trafikk tysdag. Dette skuldast sterk vind med snøfokk, og fare for ras.

Fjellovergangen mellom aust og vest har vore stengd sidan tidleg måndag morgon. Mesta sitt mannskap på fjellet driv på for fullt.

Fylkesveg 51 over Valdresflye, og fylkesveg 55 Rustasætre-Sognefjellshytta er også per tysdag føremiddag stengd grunna uvêr, i fylgje Statens vegvesen.