Marte frå Lalm forvaltar fem nasjonalparkar i nord

For Marte Turtum (31) frå Lalm har interessa for natur styrt val av utdanning. Nå er ho nasjonalparkforvaltar i Nord-Noreg.

Nasjonalparkforvaltar: Marte Turtum frå Lalm er nasjonalparkforvaltar i Nord-Noreg. I Rago nasjonalpark, som grensar til svenske nasjonalparkar, kan du starte ved fjorden, gå langs ei lakseførande elv og heilt opp på høgfjellet. Her er Marte ved Storskogfossen.   Foto: Oskar Pettersem

Nyheiter

Ho bur på Rognan, kommunesenteret i Saltdal kommune midt i Nordland, og jobbar på Nordland nasjonalparksenter på Storjord rett nord for Saltfjellet. Dei fem nasjonalparkane som blir styrt derfrå er Saltfjellet/Svartisen, Lahko, Junkerdal, Rago og Sjunkhatten.