Det er venta stor snøskredfare, faregrad 4, i delar av regionen.
Områda lengst nordvest er mest utsett.
Kraftig vind og mykje nysnø som trekkjer langt inn i fjella frå nordvest gjev svært stor pålagring av fersk fokksnø. Store naturleg utløyste skred er forventa i leheng som samlar mykje snø.
Det er hovudsakleg dei delane av Reinheimen og Dovrefjell som ligg i Lesja og Skjåk kommune det er venta stor skredfare.
Ver merksam på at naturleg utløyste skred også kan forekoma i andre område der mykje snø er flytta av vinden.
Høgt til fjells kan det i enkelte heng finnast svake lag av kantkorn djupt som vil forsterke problemet ytterlegare.