Støtte til friluftsliv og folkehelse

I april kan organisasjonar landet rundt søkje støtte til å styrke friluftslivet.

Pengar å hente: Statskog støttar tiltak som styrkar friljuftsliv, folkehelse og berekraftig bruk av norsk natur.   Foto: Magnus Beyer Brattli

Nyheiter

Statskog har ei særskild ordning med støtte til tiltak som styrkar friluftsliv, folkehelse og berekraftig bruk av norsk natur.

I alt blir det gjeve ut ein million kroner kvart år, som er retta inn mot små løft i nærmiljøet. Støttebeløpa er 5.000 og 10.000 kroner. Om lag 150 søkjarar får tilslag kvart år.

– Desse tusenlappane kan i mange tilfelle utgjera den store forskjellen, når speidergruppa skal ha nytt knivsett eller turgruppa treng ny kano. Dugnad kombinert med litt pengestøtte kan gjera underverk for friljuftslivet, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad.

Ein enkel søknad skal sendast inn via eit skjema du finn på nettsidene til Statskog. Svaret kjem før sommaren.