Liv reiste frå villmarka i Canada til Vågå for å lære seg å garve

Liv Olesen (21) er oppvaksen midt i øydemarka i Nord-Canada, med kun småfly som transportmiddel til næraste by, halvannan time unna. Med hjarte for Noreg, friluftsliv og handverk har ho nå busett seg i Vågå der ho er lærling hjå Jutulskinn.

Trivst: Canada-jenta Liv Olesen trivst godt som lærling i garveriet Jutulskinn i Vågå. Her driv ho med skinn som trekkjer i oppkok av granbark og dermed får farge.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Liv Olesen høyrest da ganske norsk ut, tenkjer du sikkert. Men den unge jenta frå Canada forklarar det med at ho har oldeforeldre frå Noreg, Sverige og Danmark. Mor hennar har særleg kjent ei spesiell tilknyting til Noreg. Derfor fekk Liv og syster hennar, Annika, skandinaviske namn.