Bussjåførar slepp påbod om munnbind

Helsedirektoratet har gjeve Yrkestrafikkforbundet medhald i at det ikkje er rett å påleggje bussjåførar å bruke munnbind når dei køyrer buss, så sant dei kan oppretthalde 2-metersregelen.

Munnbind: –Vi er svært glade for at Helsedirektoratet nå presiserer at kommunane ikkje kan påleggje bussjåførar å bruke munnbind under køyring, seier Trond Jensrud, generalsekretær i Yrkestrafikkforbundet.   Foto: Illustrasjon/Innlandstrafikk

Nyheiter

– Vi er svært glade for at Helsedirektoratet nå presiserer at kommunane ikkje kan påleggje bussjåførar å bruke munndbind under køyring, seier Trond Jensrud, generalsekretær i Yrkestrafikkforbundet.

– Munnbind kan føre til dugg på brillene til sjåføren og dermed får ein ikkje tilstrekkeleg sikt. Da kan det oppstå farlege situasjonar som kan setja både sjåfør og passasjerar i fare, seier Jensrud.

Bakgrunnen for førespurnaden frå Yrkestrafikkforbundet til helsemyndigheitene var at fleire kommunar har innført eigne covid19-forskrifter, der dei har pålagt bussjåførar å bruke munnbind når det er passasjerar i bussen.