Ni utetips til heimepåska

Fleirtalet held seg heime denne påska. Heldigvis er det godt mogleg å få påskestemning utan å reise utanlands eller til fjells, meiner Norsk Friluftsliv.

Utemat: – Kva med å flytte matlaginga ut denne påska? Eggerøre og omelett er enkelt å lage på primus eller bål, foreslår Norsk Friluftsliv.   Foto: Gard Eirik Arneberg

Nyheiter

– Kva med å leggje bort mobilane og gjera noko hyggeleg saman ute? foreslår Bente Lier, generalsekretær i paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv.

Norsk Friluftsliv presenterer ni tips til heimepåska:

Besøk ein gapahuk: Finn ut kvar den næraste gapahuken ligg, og legg turen dit. Gapahukar er ofte plassert på stader det er enkelt å nå. Ofte er det bålplass der òg.

Tenn bål: Eit bål gjev både stemning og moglegheit for matlaging.

Ligg i hengekøya: Heng opp ei hengekøye i naturen, ta med deg ein spennande påskekrim og la roa senke seg. Hugs varme klede og noko godt å bite i.

Spel påskekubb: Kubb er like morosamt nå i påska som elles. Kva med å utfordre nærkontaktane dine til ei påsketurnering?

Lag eggrettar ute: For mange er egg sjølvskrive til frukost eller lunsj i påska. Kva med å flytte matlaginga ut? Eggerøre og omelett er enkelt å lage på primus eller bål.

Påskeleik: Påskeskirenn er morosamt for både born og vaksne. Er det dårleg med snø, kan du arrangere eggeløp, sekkeløp eller ei morosam hinderløype ute.

Ta ei natt ute: Det er noko spesielt med å leggje seg til å sove ute i naturen. Visste du at i påska i fjor var det nær 400.000 nordmenn som overnatta ute?

Finn påskepynt i naturen: Gåsungar, konglar og anna frå naturen kan bli til fin bordpynt. Kva med å lage påskepynt med element frå naturen saman med ungane?

Ta årets fyrste bad: Isbading har vore i vinden som aldri før denne vinteren. Isen har smelta mange stader, men det er framleis kaldt nok til at du kan skryte til vener og kjende dersom du tek deg eit lite utebad.