– Eg er jælma fortusta over at vågåordføraren ikkje har ringt meg

Det var truleg ikkje mange som gjekk på dagens aprilsnarr om at Norsk fjellsenter skal flytte til Vågå i løpet av hausten.

Viktig: – Det er viktig å tulle og spøke litt, og særleg nå – med pandemien og alt, seier Mai Bakken. Ho har fått berre positive reaksjonar på dagens aprilsnarr.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– Eg har fått mange meldingar frå folk som på ein humoristisk måte har kommentert saka. Vi har fått fram mange smil og mykje latter, og da oppnådde vi det vi ville. Det er viktig å tulle og spøke litt, og særleg nå, med pandemien og alt som er negativt og leitt. Eg er glad for reaksjonane som har kome. Eg har skratta godt av somme kommentarar på nettet òg, fortel Mai.