Tradisjonsrikt handverk blir halde i hevd i Skjåk

Ein kontramarsj for fire skaft er slett ikkje ein komposisjon framført ved store høve, og ei sveipeskei er ikkje noko du et med.

Tradisjonsberarar: Else Hove Hyrve (t. v.) har lært opp Vera Stub Øverås, Anna Kristine Grov Plassen, Anita Berdal, Laila Rusten, Inger Kirsten Stagrim og Oddbjørg Hyrve Dagsgard i vevkunsten. Gunn Siri Steinveg var ikkje med denne kvelden.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det høyrer vevfaget til, eit handverk som blir halde i hevd av flittige damer i Skjåk husflidslag.