Tor Gaute har den einaste opne «kafeen» i Lom i påska

Vi er inne i påskeveka, og det er ganske så koronaroleg i Lom sentrum, Bergom.

Ope: Den einaste plassen ein får kjøpt seg ein matbit i Lom i påska, er på Esso i Lom.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

2021 blir den andre koronapåska, men medan det i fjor var totalt hytte- og reiseforbod, kan folk i år dra på påskeferie. Det ser likevel ut til at mange held seg heime, og faren for smittespreiing har gjort at nesten alle hytter i fjellet held stengt.