Ekspedisjon Reinheimen, del 2:

Ingrid og Sveinung spente på seg skia heime i Lia og vart ein månad i Reinheimen

Her er andre del av Ekspedisjon Reinheimen.

Vetldalen: Det er storslagen natur i Reinheimen. Her på tur opp frå Veltdalen.  Foto: Sveinung Mosnes

Nyheiter

Vi har nå vore på tur i to veker, og pulsen er verkeleg i ferd med å senke seg. Vi har møtt fjelloppsynet ein gong, elles ikkje sett ei sjel, og ei heller hatt særleg med mobildekning. Vi føler at vi har heile Reinheimen for oss sjølve, noko som nok ikkje er langt unna sanninga. Eitt av måla med turen var å finne ro, slappe godt av, og å bygge overskot. Her er det fritt for stress, ingenting vi må gjera og alt er lystbetont, og vi saknar ingen verdas ting, utnom kanskje litt andre smakar i maten enn det Real turmat, havregrat og nøtter kan gje oss. Lykka er derfor komplett når vi finn ei pakke Bridgeblanding som førre besøkande på Storvassbu har lagt att. Her er vi dei fyrste innom døra sidan i haust, så denne har lege å venta på oss lenge. Sjeldan har eg høyrt Ingrid så glad over ein godbit før! Enda betre vart det likevel da vi neste dag finn ei bottfrosen vinflaske på Torsbu, som einkvan har sett att. Lykka er komplett!