40 år i fjellet: Lars Åge Hilde har drive turisthytte heile sitt vaksne liv

Han «skulle berre». Ein skal ofte det. Men for Lars Åge Hilde frå Innvik vart det ein livsstil og leveveg: Han skulle berre gjere ein innsats i oppvasken på ei turisthytte i permisjonane frå militæret. Det vart til 40 sesongar som dagleg leiar på DNT sine populære turisthytter.

Landskapsrydding: Lars Åge Hilde er inne i sin 41. sesong ved turisthytte, og ser fram til ein ny sommar på Gjendebu. Med geiter: - Eg har alltid kje som driv med landskapsrydding, fortel han. Gode turkameratar er dei og! Foto: Arnt Bøe  Foto: Arnt Bøe

Nyheiter

No er han dagleg leiar for Gjendebu i Jotunheimen på 17. sesongen. Hytta driv han på kontrakt gjennom sitt eige selskap Gjendebu AS.