Vegvesenet tilbyr gratis russebilkontroll i april

Godkjent kontroll gjev ein oblat til å ha i bilen.

Russebil: Russen kan få kontrollert doningen sin gratis.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Kontrollen skjer på ein trafikkstasjon, og bilens tekniske tilstand blir undersøkt. Det blir òg informert om trafikktryggleik og sjåførens ansvar i russetida.

Dette blir sjekka på kontrollen:

  • bremser, hjuloppheng og styring
  • sete og bilbelte
  • taklast/takrigg
  • material innvendig, som brannfare, skarpe kantar og innfesting
  • elektrisk anlegg
  • nødutgangar
  • ulovleg signalhorn
  • godkjenning på EU-kontroll

Det er gratis russebilkontroll på Otta trafikkstasjon 8. april og 20. april.

Trafikkstasjonen dokumenterer innreiing og øvrig utforming med bilde. Viss ein blir stoppa i kontroll og russebussen eller russebilen er endra, kan oblaten bli inndrege og bilen kan få køyreforbod fram til utbetringar er gjennomført og godkjent på ein trafikkstasjon.

Den tekniske kontrollen erstattar ikkje EU-kontroll.

Viss russebussen eller russebilen blir godkjent på den tekniske kontrollen får den eit merke, kalla russeoblat, til å ha i frontruta. Ved kontroll langs vegen vil russebussar og russebilar utan russeoblat normalt gå gjennom ein meir omfattande teknisk kontroll enn den vanlege brukskontrollen.

Russebilar og russebussar med oblat blir vanlegvis ikkje kontrollert teknisk på utekontroll, med mindre det er openbart at noko er endra etter godkjenninga. Men vanlege kontrollar som bilbeltekontroll, dokumentkontroll, kontroll av sikring av last og liknande blir gjennomført uavhengig av oblaten.