Valdreflye opnar truleg onsdag morgon

Sterk vind og snøfokk har forsinka opninga av fylkesveg 51 over Valdresflye. Basert på vêrprognosane nå, kan fjellovergangen opnast onsdag 31. mars klokka 8.

Bildet er frå brøytinga på Valdreflye førre veke.  Foto: Håvard Ødegård

Nyheiter

Det har vore uvêr på høgfjellet dei siste dagane, men tysdag kveld er det venta at vinden skal avta. Nå har temperaturen også stege, slik at det har vorte mindre snøfokk.

– Sjølv om det føyker mindre i mildvêr, blir snødrivene svært kompakte og krevjande å brøyte gjennom, seier byggeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

Han ber bilistane vera førebudd på at vegen kan bli stengt på stutt varsel, viss det blir uvêr att. Etter opninga kjem fylkesveg 51 til å vera nattestengt mellom klokka 20 og 8.

Ødegård minnar folk som har tenkt seg på tur på Valdresflye om at vegen skal vera mogleg å koma fram på, både for utrykkingskøyretøy, brøytebilar og andre.

– Vi ber folk ta omsyn til trafikkreglane og bruke dei parkeringslommene som er brøyta opp, viss dei skal på tur. Da unngår vi kaos på grunn av feilparkerte bilar, seier Ødegård.

Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen har heile tida oversikt over opne og stengte vegar. Dette er den beste kjelda til nøyaktig informasjon om når fjellovergangane er opne.

Oppdatert informasjon finn du på nettsida www.vegvesen.no/trafikk, på Twitter-kontoen @VTSost, eller ved å ringe 175.