Ekspedisjon Reinheimen, del 1:

Ingrid og Sveinung spente på seg skia heime i Lia og vart ein månad i Reinheimen

Sveinung Mosnes og kjærasten Ingrid Flyen Brandstad har kvar vinter ein ekspedisjon i fjellet. Denne gongen gjekk turen frå heimen i Lia i Lom og inn i Reinheimen.

Solnedgang: Det vart overnatting i telt i nærleiken av Aursjoen. alle foto:   Foto: Sveinung Mosnes

Nyheiter

Ein dag i starten av februar var endeleg dagen for ny langtur komen, denne gongen med Reinheimen nasjonalpark som mål. Vi ynskte å gå heimefrå, og utforske fjellområda bak eigen bolig. Tidlegare hadde vi køyrt land og strand rundt for å koma til fjells, men det er da ikkje nødvendig når ein bur i randsona til ei av Noregs største og flottaste villmarker.