– Ikkje ta toppturen dei komande dagane

Det er betydeleg snøskredfare dei komande dagane.

Illustrasjonsfoto  Foto: Maje Kjosbakken

Nyheiter

Dei oppdaterte skredvarsla på varsom.no viser at det i fleire fjellområde i landet vil vera betydeleg fare for snøskred måndag og tysdag. Kombinert med faren for skiftande vêr og mykje vind, er det grunn til å tenke seg nøye om før ein legg ut på krevande skiturer.

– Dei neste dagane er det ekstra viktig å planlegge turen godt. Toppturar bør ikkje gjennomførast under slike vêr- og skredforhold. Da er det betre å spare slike turar til seinare i påska, og heller velja nærturar de neste par dagane, seier Nils Vidar Hopland i Norges Røde Kors.