Dei gjorde gamle gjesterom om til eksklusive sætersuitar

– Romma våre var små og modne for renovering, men tida strakk ikkje til. Men så kom koronaen og da fekk vi plutseleg god tid til å setja oss ned og ta fram att gamle tankar.

Slappar av: Andrè Sundero og Karola Wenzel på Hindsæter Fjellhotell i Sjodalen, tek seg ein velfortent kvil i stolane i ei av dei ti heilt nye sætersuitane på hotellet. Dei er svært nøgde med resultatet, og det er gjestane som har prøvd suitane også.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Karola Wenzel og Andrè Sundero på Hindsæter Fjellhotell i Sjodalen i Vågå. Dei syner stolt fram dei gamle gjesteromma som har vorte forvandla til ti nye rom i skikkeleg seterstil, eller sætersuitar, som vertskapet sjølv kallar romma.