Det er høge brøytekantar langs båe desse høgfjellsovergangane etter arbeidet som har vorte utført dei siste par vekene. Når vinden bles i ei ugunstig retning, kan vegen fort bli fyllt opp att med snø.
Fylkeskommunen planla å opne fylkesveg 51 fredag 26. mars, med tanke på påsketrafikken. Vinden har dessverre ikkje vore på lag med brøytemannskapa, og nå ligg det an til at vegen tidlegast kan bli opna måndag i påskeveka.
– Vi håpar at folk tar omnsyn til trafikkreglar og nyttar dei parkeringslommene som er brøyta opp, viss dei skal på tur på fjellet. Da unngår vi kaos på grunn av feilparkerte bilar. Vegen må vera framkomeleg, spesielt for utrykkingskøyretøy og brøytebilar, men også for alle andre, seier byggeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.
Fylkeskommunen planlegg å opne strekninga Rustasæter – Sognefjellshytta på fylkesveg 55 onsdag 31. mars klokka 11. Vegen blir nattestengt ved bommen ved Rustasæter mellom klokka 20 og 08. Ved uvêr kan Sognefjellsvegen bli stengt på kort varsel.
- Vi oppfordrar trafikantane til å bruke parkeringsplassane som er brøyta opp langs vegen. Det er viktig at alle som er på dagstur sørger for å koma seg ut før bommen blir stengt klokka 20 om kvelden, seier byggeleder Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune.