Koronastatus i Skjåk

Èin i isolasjon, vedkomande er ikkje smitta i bygda.
Nyheiter

Ein person er smitta av covid-19 i Skjåk. Denne sit i isolasjon. Personen er ikkje smitta i Skjåk. Det sit per fredag ni personar i karantene, og ein husstand er i såkalla ventekarantene.

– Arbeidet med smittesporinga er avslutta og vi har kontroll på situasjonen, heiter det i ei melding frå Skjåk kommune.

Skjåk Treningssenter er ope att, men berre for dei som bur fast i Skjåk. Tilreisande i samband med påskeferie kan ikkje nytte seg av treningstilbodet. Det gjeld både turistar, studentar og elevar som er heime i påska.

Ny vurdering på reglane er 12. april.