Interfil-tilsette heidra for lang og tru teneste

Fire av dei tilsette på filterfabrikken Interfil i Skjåk vart denne veka tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste i bedrifta.

Lang og tru teneste: Fire av dei tilsette i Interfil har arbeidd i bedrifta i over 30 år. Onsdag vart dei heidra. Frå venstre: Alfred Sperstad, Inger Andersbakken, Hans Morten Sæterdal og Synnøve Bismo Dagsgard.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Heile staben var samla i produksjonshallen onsdag, da Alfred Sperstad, Inger Andersbakken, Hans Morten Sæterdal og Synnøve Bismo Dagsgard, tok imot heider for lang og tru teneste på Interfil i Bismo.