Oppmodar til å bruke munnbind i butikkane

Sel kommune har kome med skjerpa smittevernreglar for påskeferien.

Munnbind: Sel kommune oppmodar til å bruke munnbind i butikkane i påskeferien.  Foto: Pixabay/Illustrasjon

Nyheiter

Påskeferien nærmar seg, mange vil nytte hyttene sine, og Sel kommune forventar at det vil koma mange tilreisande som ynskjer å opphalde seg på fjellet i ferien.

Det er ikkje generelt påbod om å bruke munnbind i Sel kommune, men kommunen har vore i dialog med lokalt næringsliv, som saman har vorte samde om å skjerpe smittevernreglane på butikkar og kjøpesenter i perioden 25. mars til 11. april.

Sel kommune oppmodar alle kundar og tilsette til å bruke munnbind inne i butikklokala i denne perioden. I tillegg tilrår kommunen at berre éin person frå kvar husstand handlar om gongen, og at ein unngår unødvendige opphald i butikklokala.

Kvar butikk har definert eit maksimumstal på personar som kan vera inne i butikken til ein kvar tid. Sel kommune opplyser at det er opp til kvar enkelt butikk å handheve desse reglane.