Grotli Høyfjellshotell er fullbooka i påska: – Eg er utruleg spent

– Påska er ein stor og viktig del av årsomsetninga vår. Alle dei 50 gjesteromma er tinga, men eg må innrømme at eg er utruleg spent på påska. Og litt nervøs.

Spent på påska: Dagleg leiar Inger Einvik på Grotli Høyfjellshotell i Skjåk er spent på årets påske. Alle dei 50 gjesteromma er bestilt, og påska er fullbooka. Med bakgrunn i koronapandemien er den daglege leiaren likevel spent på korleis påska blir.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier dagleg leiar Inger Einvik på Grotli Høyfjellshotell i Skjåk. I fjor vår vart Noreg nedstengd, det vart innført hytteforbod, og koronapandemien førte til at Grotli-folket heldt høgfjellshotellet stengd i påska.