321 personar vart bøtelagt for mobilbruk i trafikken i januar og februar

I januar og februar vart i alt 2.297 personar bøtelagt for mobilbruk i trafikken. 321 av dei var i Innlandet politidistrikt.

Mobilbruk: – Vi håpar bilistane legg mobilen i lomma medan dei er på vegen. Vi har ingen å miste, seier Henrik Pettersen Sunde, kommunikasjonsrådgjevar i Ung i Trafikken.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Samanlikna med same tid i fjor, er dette ein auke på seks prosent for Innlandet politidistrikt.

Noregs einaste trafikktryggleiksorganisasjon for ungdom, Ung i Trafikken, er uroa for auken.

– Trass i at auken berre er på seks prosent i Innlandet, er mobilbruk bak rattet ein forferdeleg uting. Køyrer du i 80 km/t og ser bort frå vegen i fem sekund, har du køyrt 110 meter, seier kommunikasjonsrådgjevar Henrik Pettersen Sunde.

Han legg til at ein på dei 110 metrane i verste fall kan ha køyrt på ein person – eller bilen framfor seg.

Frå og med 2021 auka satsane for bruk av mobil i trafikken. Nå får du 5.000 kroner i bot og heile tre prikkar på førarkortet. I fjor var bota på 1.700 kroner og ein prikk.

– Det ser ikkje ut som dei nye reglane har hatt effekt. Vi får håpe utviklinga blir betre med tida, kommenterer rådgjevaren.

Dei ferskaste sjåførane får ofte kritikk for si trafikale åtferd, men dei nasjonale tala fortel at det er dei erfarne bilistane som er verst.

På landsbasis vart heile 843 personar i aldergruppa 30-40 bøtelagt, medan 589 i aldersgruppa 18-29 måtte punge ut.

– Onde tungar meiner dei yngste er verst i trafikken. Dersom vi legg desse tala til grunn, er det dei meir erfarne sjåførane som har ein del å arbeide med. Uavhengig av kven som er verst, håpar vi bilistane legg mobilen i lomma medan dei er på vegen. Vi har ingen å miste, avsluttar kommunikasjonsrådgjevar Henrik Pettersen Sunde.

(Pressemelding)