Ingrid flytta heim att til Lom for å løyse ei stor og kompleks oppgåve:

– Kva slags samfunn vil du leva i?

... og kva slags innsats vil du leggje for dagen for å få det?

Store utfordringar: – I «gamle dagar» fekk ein gjerne plass på helseheimen sjølv om ein var frisk - berre ein var gamal nok. Det hadde ikkje samanheng med funksjonsevna. Slik er det ikkje i dag, og slik blir det ikkje i framtida. Vi må finne andre løysingar, seier prosjektleiar Ingrid Husom.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Ingrid Husom har takka ja til ei svært utfordrande prosjektleiarstilling i Lom kommune. Ho har to år på seg til å koma fram til gode løysingar på svært vanskelege spørsmål. Det handlar om korleis innbyggjarane i Lom skal ha det i åra framover – og det handlar om Lom kommune vil bli i stand til å gje oss dei pleie- og omsorgstenestene vi har behov for den dagen vi treng dei.