Vågå får nytt turistkontor: Heidi og Camilla er klare for å møte turistane

Endeleg får Vågå turistkontor att. Camilla Gundersen og Heidi Strømstad gler seg til å henge opp turistinformasjon-skiltet utanfor Storlienbygget i Vågå.

Turistkontor: Det er i hovudsak Camilla Gundersen og Heidi Strømstad turistar vil møte på det nye turistkontoret som opnar 30. april i år.   Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

1. mars overtok dei lokala som nå er klare for å innreiast. Totalt 70 kvadratmeter stort. Med store vindauge ut mot sentrum, og vakre naturbilete frå nærområdet, fotografert av Asgeir Hagen frå Vågå.