– Eg er overtydd om at vi treng ein større kommune

Ingenting tyder på at politikarane i Lom og Skjåk vil takke ja til invitasjonen frå Vågå om å byggje ein ny kommune. Det har vågåordføraren respekt for.

Er sikker i si sak: – Eg er overtydd om at vi treng ein større kommune i Nord-Gudbrandsdalen, seier vågåordførar Harald Sve Bjørndal.  Foto: Arkiv

Nyheiter

– Men eg er likevel overtydd om at vi treng ein større kommune i Nord-Gudbrandsdalen. Det treng ikkje vera alle kommunane, men det må vera ein viss storleik. Det går nok an å overleva som lita kommune i norddalen ei stund til, men det er avgrensa kor lenge det går, meiner ordførar Harald Sve Bjørndal.