Ottadalen Sykkelklubb gav ungdomsstipend til Mattias: – Han er ein positiv ambassadør for klubben

Lomværen Mattias Vestad vart førre veke tildelt eit ungdomsstipend frå Ottadalen Sykkelklubb.

Fekk ungdomsstipend: Mattias Vestad frå Lom har vore medlem i Ottadalen Sykkelklubb i to år. Nå satsar han for fullt, og førre veke vart han tildelt eit ungdomsstipend frå klubben. Leiar Tore Sundero (t.h.) fortel at Mattias viser stor treningsvilje og at han er ein positiv ambassadør for sykkelklubben.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Ottadalen Sykkelklubb har rekrutteringsarbeid høgt prioritert i sitt arbeid. Vi meiner difor det er viktig å gjeva unge utøvarar som viser stor treningsvilje, er positive ambassadørar for klubben ute på ritt, og som ynskjer å satse på sporten vår, ei ekstra moglegheit til å gjera dette, sa sykkelklubb-leiar Tore Sundero da han torsdag kveld i førre veke overrekte eit ungdomsstipend på 10.000 kroner, til Mattias Vestad frå Lom.