– Sekkane skal ikkje vera overfylte

– Det er faktisk sett ei grense på kor mykje avfall du kan ha oppi ein sekk.

Søppel: Nord-Gudbrandsdal renovasjonsselskap ber innbyggjarane om å ikkje fylle restavfallsekkane tyngre enn 20 kilo.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Det opplyser Nord-Gudbrandsdal renovasjonsselskap (NGR), og ber husstandane om å fylgje dei gjeldane reglane.

«Sekkar med restavfall skal ikkje vera overfylte. Sekkane skal heller ikkje vera tyngre enn 20 kilo. Om nødvendig, bruk fleire sekkar», oppmodar NGR.

Renovasjonsselskapet legg til at overfylte sekkar og sekkar over 20 kilo ikkje vil bli teke med av mannskapet på søppelbilen på hentedagane.

NGR ber også om at munnbind blir pakka inn i plastposar som knytast att før dei blir lagt i sekken, og opplyser samstundes at sekkar som ikkje står i stativ skal knyttast att.