Åbakken bru i Vågå blir delvis stengd i mars og april

Brua på Øvre Nordheradsveg blir stengd for køyrety over 3,5 tonn frå 1. mars, på grunn av vedlikehald.

Blir delvis stengd: Brua på Øvre Nordheradsveg i Vågå blir stengd for køyrety over 3,5 tonn frå 1. mars, på grunn av vedlikehald.  Foto: Erling Surnflødt/Innlandet fylkeskommune.

Nyheiter

Åbakken bru ligg på fylkesveg 2634. Den 75 år gamle betongbrua treng å rustast opp, og dette vil få konsekvensar for tunge køyrety. Det opplyser Innlandet fylkeskommune.

Brua skal få nye kantdragarar, og nytt og meir trafikksikkert rekkverk.

På grunn av sikring av arbeidsstaden blir brua innsnevra til eitt smalt køyrefelt, og difor for smal til at store køyrety kan koma forbi. Dermed må brua stengast for køyrety over 3,5 tonn i cirka to månader, som er den tida arbeidet er venta å ta. Stenginga vil skje frå 1. mars.

Mindre køyrety skal kunne passere i båe retningar medan anleggsarbeidet går føre seg, men bilistane må likevel i periodar rekne med ei ventetid på 10-15 minutt, mellom anna på grunn av støyping, opplyser fylkeskommunen.

For tunge køyrety vil det bli skilta omkøyring om fylkesveg 2640, Nedre Nordheradsveg, som går langs Vågåvatnet.