Snart kan luftambulansen spare 13 minutt frå Dombås til Lillehammer i dårleg vêr

Norsk Luftambulanse tek i bruk ei ny instrumentflygningsrute frå nord, inn til sjukehuset på Lillehammer. Dette skal sikre at pasientar kjem raskare fram, også når det er mørkt og lågt skydekke.

Designar: Lars Amdal designar instrumentflygingsruter for luftambulansen i Noreg.   Foto: Norsk luftambulanse

Nyheiter

Luftambulansen som er stasjonert på Dombås flyg ofte pasientar til sjukehuset på Lillehammer. Om piloten ikkje kan sjå landskapet på grunn av mørket, skodde eller lågt skydekke, brukast satelittnavigasjon for å kunne flyge inn og lande ved hjelp av helikopterets instrument.

Slepp «æresrunda»

Fram til nå har slik GPS-innflyging berre vore mogleg frå sør. Da har helikopteret måtte teke ei «æresrunde» via Brøttum for å kunne koma inn og lande rett veg.

– For hardt skadde og akutt sjuke pasientar er kvart minutt og sekund dyrebart. Nå designar vi ei ny GPS-innflyging frå nord, som gjer at luftambulansen vil kunne spare 13 minutt på turen frå Dombås til Lillehammer i dårleg vêr, seier flygar Lars Amdal i Norsk Luftambulanse.

I all slags vêr

Den nye innflyginga ventar nå berre på eit godkjentstempel frå luftfartsstyresmaktene, før den kan takast i bruk.

I fylgje Norsk Luftambulanse blir kvart tiande legehelikopteroppdrag stoppa på grunn av dårleg vêr, og selskapet arbeider aktivt for at helikoptera i framtida skal kunne flyge i all slags vêr.

– Vi har ein visjon om at legehelikoptera skal kunne flyge like regelmessig som rutefly, og bli mindre avhengig av vêret enn slik det tradisjonelt har vore. Innflyginga til Lillehamer er den nyaste i ei lang rekkje av slike over det ganske land, seier flyoperativ fagsjef Erik Normann i Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Saka held fram under bildet

Pilotar: Helikopterpilotane Lars Amdal og Erik Normann i lufta over Gudbrandsdalen.   Foto: Norsk Luftambulanse

Finansiering

GPS-innflygingar til sjukehus, luftambulansebasar og lokalsamfunn blir i hovudsak finansiert av støttespelararane til Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og blir utvikla i samarbeid med dotterselskapet Norsk Luftambulanse AS, den statlege Luftambulansetjenesten HF, luftfartsstyresmaktene og helseforetaka.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse er ein ideell organisasjon med rundt 300.000 støttemedlemar og over 4.200 støttebedrifter. Målet er å utvikle luftambulansetenesta gjennom forsking, undervisning og utviklingsprosjekt.

Helikopteret: Stiftelsen Norsk Luftambulanse sin nye Airbus H145 blir brukt til å utvikle luftambulansetenesta.   Foto: Kyle Meyr