Innlandet politidistrikt får 36 millionar meir: – Vi står framleis i ein krevjande økonomisk situasjon

– Eg er glad for auken, men vi står framleis i ein krevjande økonomisk situasjon, seier politimeister Johan Brekke.

Framleis krevjande: Politimeister i Innlandet politidistrikt, Johan Brekke, er glad for at distriktet får 36 millionar kroner meir enn i fjor, men fortel at Innlandet politidistrikt framleis står i ein krevjande økonomisk situasjon.  Foto: Politiet

Nyheiter

Innlandet politidistrikt har fått tildelt 898.690.000 kroner for driftsåret 2021. Dette er 36 millionar kroner meir enn i fjor.