Har fått 135.000 kroner til fartsdempande tiltak

Vågå kommune har fått tildelt pengar frå Innlandet fylkeskommune, til trafikktryggleikstiltak ved skulen og barnehagen på Lalm.

Fartsdempande tiltak: Vågå kommune er tildelt pengar frå fylkeskommunen, til fartsdempande tiltak ved Lalm skule og barnehage.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det er trafikktryggleiksutvalet i fylket som nå har fordelt åtte millionar kroner til kommunale trafikktryggleikstiltak i 20 kommunar i Innlandet. Tilskota er fordelt etter søknad frå kommunane. I alt 20 kommunar i Innlandet søkte om tilskot til totalt 42 tiltak.