Stoppar omorganiseringa av UP

Opposisjonspartia på Stortinget sette ein stoppar for ei omorganisering av Utrykkingspolitiet, da Justiskomiteen tysdag behandla politimeldinga.

UP består: Tysdag denne veka slo Justiskomiteen samrøystes fast at UP skal bestå.   Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv/Illustrasjon

Nyheiter

I politimeldinga som regjeringa la fram i fjor sommar stod det at framtida til Utrykkingspolitiet (UP) skulle vurderast, og fleire frykta da at dette ville føre til at UP ville bli lagt ned og flytta til dei ulike politidistrikta.