100.000 til ny beredskapsgruppe

– Vi hadde god nytte av dei da det var brann i Skjåk i vinter.

Bruk av drone: – Vi ser at vi har bruk for dronegruppa i fleire situasjonar, sa ordførar Edel Kveen da eit samrøystes formannskap i Skjåk vedtok å løyve 100.000 kroner til «dronegruppa» i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps og Vågå Røde Kors Hjelpekorps.   Foto: Arkiv/

Nyheiter

Det sa ordførar Edel Kveen da formannskapet i Skjåk tysdag var invitert til å ta stilling til ein søknad frå Lom og Bøverdalen Hjelpekorps og Vågå Røde Kors Hjelpekorps, som har gått saman og stifta ei «beredskapsdronegruppe». I den samanheng har dei søkt Skjåk kommune om støtte.