Spennande storsatsing i Vågåmo: Ei rekkje nye tilbod samla under eitt tak

Fredag 30. april opnar dørene til ei rekkje nye tilbod som ikkje finst i Vågåmo frå før, i Storlienbygget. Her blir det mellom anna bakeriutsal, iskrembar og turistinformasjon.

Mange nye tilbod samla under eitt tak: I det såkalla Storlienbygget, midt mellom Studio M Frisør og Gjendeguiden, under takterrassen til Andre Etasje, opnar turistinformasjon, bakeriutsal, iskrembar og anna fredag 30. april.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Autorisert turistinformasjon med lokalkjent personale, bakeriutsal med dagsferske bakevarer i samarbeid med landets raskast veksande bakevarekonsept, isbar med kjempeutval av både lokal-is og anna, utstyrsutleige og formidling av elsyklar og båtar, utleige av møterom og kursfasilitetar.