Heimlengselen tok overhand for Iselin, men ho var usikker på jobbmoglegheitene: – Det løyste seg fort

Iselin Ditlevsen Løkken sende ein open søknad til Nordplan i Vågå, og fekk jobb som landskapsplanleggjar.

Flytta heim: Iselin Ditlevsen Løkken frå Vågå hadde lyst til å flytte heim, men var usikker på jobbmoglegheitene som landskapsplanleggjar i heimbygda si. Ho sende ein open jobbsøknad til Nordplan i Vågå, og fekk jobb nesten umiddelbart.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Etter å ha arbeidd for Nord Universitet og Feste NordØst, tok heimlengselen i vinter overhand for Iselin Ditlevsen Løkken frå Vågå. 30-åringen er utdanna landskapsplanleggjar, og var svært usikker på om ho i det heile teke kunne få seg jobb i Ottadalen.