– Skjåk kommune har registrert at personar har ferdast på isen på Ottaelva, og dette er noko kommunen frårår sterkt, seier ordførar Edel Kveen til Fjuken onsdag ettermiddag, og legg til:
– Nå som isen på elva tinar frå under, veit ein ikkje korleis elva og isen vil oppføre seg framover. Det kan sjå ut som at det er mykje tjukk is og da kan ein kanskje tru at det er trygt, men ein bør ikkje opphalde seg på isen nå. Det er ein del is som kjem til å bli flytta mykje på nå i tida framover, seier Edel Kveen.