Er positiv til invitasjonen frå Vågå

– Administrasjonssjefen si vurdering er at regionalt samarbeid og endring av strukturar kan vera eit verkemiddel for å møte framtidas behov for tenesteyting til innbyggjarane.

Invitasjonen frå Vågå: Administrasjonssjefen i Lom er positiv til invitasjonen frå Vågå om å sjå på moglegheita for å byggje ein ny kommune i Nord-Gudbrandsdalen. Neste veke får formannskapet saka på bordet.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Tysdag neste veke, den 23. februar, skal formannskapet i Lom ta stilling til om det kan vera interessant å vera med på ein prosess for å sjå på moglegheita for å byggje ein ny kommune i Nord-Gudbrandsdalen.