Eksordførar ber kommunane vera offensive: – Pandemien har gjeve nye moglegheiter

Simen Bjørgen er blant mange som har heimekontor i koronatida. Nå ber eksordføraren i Lom kommunane i Ottadalen om å vera offensive, og sjå dei mange moglegheitene som opnar seg etter at pandemien er over.

Heimekontor: Direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet har hatt mykje heimekontor under koronapandemien. Han meiner kommunane i Ottadalen bør vera offensive, og sjå moglegheitene som byr seg etter at pandemien er over.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Arbeidslivet er i endring, med nye løysingar og meir fleksibilitet, og moglegheitene ventar. Bygdene må ruste seg for den nye framtida. Eg vil at kommunane her oppi skal vera offensive og trekkje til seg nye innbyggjarar, seier ein svært engasjert Simen Bjørgen.