To køyrety involvert i trafikkulykke på rv15

Naudetatane rykka måndag ettermiddag ut til ei trafikkulykke på rv15.

Trafikkulykke: Naudetatane rykka ut til ei trafikkulykke på riksveg 15 måndag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt melder at to køyrety skal vera involvert i ei trafikkulykke på riksveg 15 på Lalm måndag ettermiddag.

Alle naudetatane rykka ut til ulykkesstaden.

Meldinga om ulykka kom klokka 15.23.

Ved 16.30-tida opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt at ulykka skjedde mellom ein personbil og ein tilhengar som har kome over i motgåande køyrefelt.

Føraren av personbilen vart sendt til legevakt for kontroll og eventuell behandling.

– Ukjent skadegrad, men ho var ved bevisstheit, opplyser politiet.

Ulykka skjedde på riksveg 15 i krysset ved Lalm samfunnshus. Vegen er open for trafikk.